søndag 9. mai 2010

Pappajente


Mange tykkjer at Vilde er veldig lik pappaen sin i utsjånad. Heilt sidan ho vart fødd, har vi fått høyre at ho er ei skikkelig pappajente. Og vi er igrunn ganske einige. Vilde og pappa har meir til felles óg. Dei er begge to veldig glad i mat. Som dykk ser på bileta, nyt dei her eit godt måltid. Den eine noko meir sjarmerande enn den andre... Her smakar Vilde på brokoli.
Denne helga har vi besøk av Gunnhild og Nate, tante og onkel til Vilde. Dei bur til vanleg i Etiopia, og var sist i Noreg for to år sidan. Difor er det ekstra kjekt å sjå dei att, og enda kjekkare at dei er innom oss i oslo for ei langhelg!

1 kommentar:

  1. Godt å sjå og høre at dei lika mat begge to!
    Uten mat og drikke duger heltane ikkje ;)

    Håpe dokk he d bra!

    SvarSlett