onsdag 23. september 2009

Deilige haustdagar

Vi er langt inn i september månad, og siste dagane har det vore eit nydeleg haustver i Oslo. Blada på trea er raude og gule, sola skin og lufta er klår og mild. Eg(MorMerete) og Vilde går mykje på tur og nyt sola. Idag var vi på besøk hjå lille Sara, som er berre tre dagar eldre enn Vilde, og Sara sin mamma, Marianne. Eg og Marianne er musikkterapeut- kollegaer, og har altså no to jamngamle gull:) Så idag vart det lunsj og trilletur i fineveret. Gløymte ta med kamera sjølvsagt, men legg heller ved eit bilete av berre Vilde:)Ikkje feil det heller.

mandag 21. september 2009

Go´jenta




Å ha ein baby inneber jo ein del nattevåk. Då gjer Vilde det lurt i å smile fint til foreldra.
Då blir det litt mindre pes å stå opp i trøytte nattetimar:)

søndag 20. september 2009

Kva er nytt hjå Roaldsnes?

Ja, korleis går det med familien Roaldsnes? Jo, det står veldig bra til. Vi kosar oss med skjønne Vilde, og syns det er veldig kjekt å vere foreldra. Vilde veks og ser ut til å trivast, ho smilar og sjarmerar foreldra:)
Sist helg var vi i brullaup i Sverige, til Erlend Peter og My. Det var veldig kjekt, og det gjekk veldig bra med Vilde på tur. Så det var jo gøy:) Brudeparet var kjempefine, og det var kjekt å få feire saman med dei. Ellers nærmar det seg Sunnmørstur. Søndag, neste helg reiser vi oppover. Då blir det etterkvart dåp for Vilde, og ellers mykje familietid. Vi gler oss!!

mandag 7. september 2009

Meir besøk




Det kjem stadig folk innom for å helse på Vilde, både frå fjern og nær. Sist helg var mellom anna Lydia og Øyvind her ein snartur, og denne helga var mormor og morfar på besøk. Kjekt, kjekt.


Vi var på helsestasjonen for å vege Vilde idag, og då vart det tydeleg at Vilde verkeleg har blitt større! Plutseleg er ho ikkje den minste babyen lenger som skal vege seg. Nei, ho er faktisk betydeleg større enn fleire av babyane vi såg idag. Morosamt. At vekta no viser 4,5kg er jo også eit teikn på at ho veks og blir større:)

fredag 4. september 2009

Ikkje prøv dette heime..

Bereselen, som demonstrert i forrige innlegg, er ifølgje bruksanvisinga egna til babyar ned til 3kg og 53cm. men her ein dag las eg i eit blad at "Baby bjørn" ikkje er bra for så små babyar, men passar til babyar fra 3mnd og oppover! Hm, nei ein blir ikkje klok av all denne informasjonen. Dette med ulike råd frå alle kantar er noko vi erfarar jamt ellers også. Alle, både jordmødre, helsesøster, familie, vener og andre mødre har råd og erfaringar dei vil dele med oss. Det er jo godt meint, men vi blir av og til litt forvirra av det helie:) Konklusjonen er vel at ein til sjuande og sist berre må stole på seg sjølve som foreldre, og ta dei råda ein ynskjer og sile ut resten:)