søndag 7. februar 2010

På farta


Vår lille Vilde er ikkje så lita lenger. I helga vart ho heile 6 månadar. Tenk at det er eit halvt år sidan ho kom til oss! Ho har vokst mykje sidan 6 august, og ho har blitt hakket meir aktiv.

Det som gjeld no, er å strekke seg etter og ta ting. Det er ting som er innanfor rekkevidde, og ting som er langt utanfor! I si ferd på å nå tak i alt som fristar, er Vilde no på veg full fart framover. Eller det vil seie, bakover eller bortover eller rundt. Ho er på farta frå morgon til kveld, og vi finn ho igjen under bordet og inn i krokar.

På onsdag sist veke, var vi på babysong for fyrste gong, i frelsesarmeen. Og den som var mest gira og ivrig av alle som var der, var Vilde. Ja, det slo verkeleg ann! Ho lo og hylte, og armar og bein gjekk i eitt! Vi gler oss til neste onsdag:)

Ja, vi er veldig glad i jenta vår:) Ho varmar to foreldrehjarte med sine gode smil og sjarm:)