lørdag 21. november 2009

Baby på rangel


Vildemor er mykje på rangel for tida. Det vil seie, ho vil helst ikkje legge seg på kvelden. Nei, for det er det mykje kjekkare å vere oppe saman med foreldra, om ho er aldri så trøyt! Så det blir litt skrik og skrål når det er leggetid, sjølv om vi prøver både det eine og det andre for å gjere senga til ein koselig stad å vere. Jaja, vi jobbar med saken kan du sei!

Ellers er det berre fryd og gammen i Aslakveien! Vilde ler og kosar seg, og det gjer vi óg:)

torsdag 5. november 2009

Kjekt med snø og kulde??

Dei to siste dagane har det komt snø til Oslo by, og det er med blanda kjensler at eg møter den nye årstida. Vintrane i Oslo er ofte veldig lange og kalde, og nesten litt triste, syns eg. Gradestokken viser gjerne minus 10, det blir fort mørkt og  det kjem mykje snø. Men eg prøver å tenkje positivt og fokusere på alle dei kjekke tinga som følgjer med vinteren også. Vi kan kle godt på og gå tur. Eller kose oss inne med varm drikke og tente lys. Etterkvart kan vi leite fram skia, og når advent og til slutt jula kjem, er det endå fleire gleder i vente. Så, la oss ynskje vinteren velkomen med eit smil!:) 

Flott bilete av far og dotter.Eit skikkeleg blinkskot vil eg kalle det.

onsdag 4. november 2009

Nokon som har blitt litt rundare i kinna i det siste??




torsdag 22. oktober 2009

Lure-smilet



tirsdag 20. oktober 2009

Nytt kamera, ja takk!

Når eg ser på bileta på bloggen vår, tenkjer eg" himla uklåre bilete det der!" Og då lurer eg på, er det kameraet eller fotografen det er noko gale med? Eg trur det er kameraet. Og det meinar Dag Filip óg. Så da er det nok det?! Julegåveynskje 2009: nytt kamera.
Ellers er det berre velstand her. Vilde-gullet lo for første gong igår!! Ein herleg lyd! Så morosamt:) Vi ventar i spenning på neste gong det skjer...

torsdag 15. oktober 2009

Vilde ilag med mykje kjekke folk
















Søskenborn og vener, faddera og bestemødre, og oldemor Gudrunn. Dette er berre nokre av dei Vilde fekk helse på då vi var på det glade Sunnmøre.

onsdag 14. oktober 2009

Tilbake i Oslo







Ja, så var vi tilbake i Oslo, og det er ein liten overgang må eg sei. Vi har hatt så mykje folk rundt oss dei to siste vekene, særskilt siste veka på Oksneset. Så det er merkeleg stilt og roleg å berre vere oss tre igjen. Men det er godt også, å kome heim til sitt eige:) Dag- Filip er igang igjen med skule, og eg er heime med Vilde. Vi skal begynne i barselgruppe no, og vi planlegger å menge oss på babysong i Røa kyrkje etterkvart. Så det blir kjekt å utvide nettverket og bli kjend med fleire småbornsmødre.
Det er artig å sjå korleid Vilde veks og utviklar seg, nesten veke for veke! Vi merkar faktisk stor forskjell frå før vi reiste til Sunnmøre, og til no. Vilde blir stadig meir våken og oppteken av det som skjer i verda rundt ho. Ho følgjer veldig med, smilar mykje og utforskar korleis ho kan bruke stemma si, både i volum og med ulike lydar.
Det vart barnedåp for Vilde i Valderøy kyrkje 4. oktober, og ellers fekk vi mykje tid med familie og vener då vi var heime.