onsdag 14. oktober 2009

Tilbake i Oslo







Ja, så var vi tilbake i Oslo, og det er ein liten overgang må eg sei. Vi har hatt så mykje folk rundt oss dei to siste vekene, særskilt siste veka på Oksneset. Så det er merkeleg stilt og roleg å berre vere oss tre igjen. Men det er godt også, å kome heim til sitt eige:) Dag- Filip er igang igjen med skule, og eg er heime med Vilde. Vi skal begynne i barselgruppe no, og vi planlegger å menge oss på babysong i Røa kyrkje etterkvart. Så det blir kjekt å utvide nettverket og bli kjend med fleire småbornsmødre.
Det er artig å sjå korleid Vilde veks og utviklar seg, nesten veke for veke! Vi merkar faktisk stor forskjell frå før vi reiste til Sunnmøre, og til no. Vilde blir stadig meir våken og oppteken av det som skjer i verda rundt ho. Ho følgjer veldig med, smilar mykje og utforskar korleis ho kan bruke stemma si, både i volum og med ulike lydar.
Det vart barnedåp for Vilde i Valderøy kyrkje 4. oktober, og ellers fekk vi mykje tid med familie og vener då vi var heime.

2 kommentarer:

  1. Sjå på dei tre fine:)
    Kan tenke mej det va kjekt å vere heime!

    SvarSlett
  2. For ein feiande flott familie!!! Veldig kjekt å følge med dykk her på bloggen. Ha gode haustdagar i nord!!

    SvarSlett