onsdag 17. mars 2010

Lille sol...

Vi er så heldige å ha ei lita sol her heime, og ho heiter Vilde.
Vi er så takksamme og glade for å ha Vilde i livet vårt. Ho sprer liv og glede kring seg, og får fram smilet hjå oss, sjølv når vi er aldri så trøytte!
Ja, det kan vere travelt å vere foreldre til ei lita ei, og til tider kan det vere utfordrande. Men mest av alt er det veldig, veldig kjekt!:)

Dag Filip jobbar mykje for tida. Spelar til seine kvelden. Keisamt for oss....men kjipast for Dag Filip da, som ikkje får henge med oss to kule!

Eg og Vilde henger med folk og fe på Røa, eller fartar rundt i Oslo by. Idag har vi vore på babysong, på shopping og gått tur saman med to andre små og mammaene deira. Vilde tykkjer det er fint å vere på tur, og at det er kult å køyre med t-bane. Då kan ho sete å sjå ut på guds frie natur, eller by, og ho kan flørte litt med dei andre passasjerane. Men sjølv om bylivet er vel og bra, begynner vi no å bli klare for litt fjord og fjell. Og litt påskekos og familiemiddag. Besteforeldre som kan sitte barnevakt er heller ikkje å forakte.

fredag 12. mars 2010

What´s up




Etter ei veke med litt sjukdom, er vi no på beina igjen, klar for å møte den deilige våren!Både store og små nyt sola på dagar som denne. Kjekt å trille tur utan å bli sveitt av å måtte kjempe seg gjennom snø og is!
Dag- Filip er ein travel mann om dagen. Først er han på turné, og tilbake i Oslo er det jobb og siste månadane med skule. Så, han har å drive med! Vilde har også mykje å drive med. Ho er blitt veldig god til å åle seg framover, og det er mykje å utforske på vegen. Så no må vi begynne å følgje med litt meir, for det er jo ikkje alt som er like heldig å til dømes smake på....

søndag 7. februar 2010

På farta


Vår lille Vilde er ikkje så lita lenger. I helga vart ho heile 6 månadar. Tenk at det er eit halvt år sidan ho kom til oss! Ho har vokst mykje sidan 6 august, og ho har blitt hakket meir aktiv.

Det som gjeld no, er å strekke seg etter og ta ting. Det er ting som er innanfor rekkevidde, og ting som er langt utanfor! I si ferd på å nå tak i alt som fristar, er Vilde no på veg full fart framover. Eller det vil seie, bakover eller bortover eller rundt. Ho er på farta frå morgon til kveld, og vi finn ho igjen under bordet og inn i krokar.

På onsdag sist veke, var vi på babysong for fyrste gong, i frelsesarmeen. Og den som var mest gira og ivrig av alle som var der, var Vilde. Ja, det slo verkeleg ann! Ho lo og hylte, og armar og bein gjekk i eitt! Vi gler oss til neste onsdag:)

Ja, vi er veldig glad i jenta vår:) Ho varmar to foreldrehjarte med sine gode smil og sjarm:)

søndag 31. januar 2010

onsdag 20. januar 2010

Saman igjen


Etter eit halvt år på reis er dette paret tilbake i Noreg, og det er vi glade for. Firekløveret er saman igjen, no med eit ekstra blad, Vilde:)
Kjekt å vere med dykk igjen Torunn og Tom Andreas!

mandag 11. januar 2010

Tilbake i Oslo

Då er vi tilbake i Oslo, etter ein lang og veldig fin ferie på det glade Sunnmøre. Det har blitt mykje kvalitetstid med famile og vener der, jule- og nyttårsfeiring og bryllaup. No er det er kvardag igjen, og det er igrunn greit. Kvardag er fint!:)