mandag 7. desember 2009

Klar for ei ny veke!


Så var det mandag igjen gitt! Vi har hatt ei fin helg da. Dag Filip vart 25 år på laurdag, og det måtte feirast. Bursdagsfeiring med vener både fredag og søndag. På laurdag var vi på julekonsert i Storsalen. Vilde var også med, for å høyre på mamma synge.Julestemning....
Nokre av venene våre har vore på reis dette halvåret, men har no komt, eller kjem snart heim.
Stine, velkomen tilbake! Vi møtast snart!:)Hurra!
Torunn og Tom Andreas, de har vore sterkt sakna! Som vi gler oss til å treffe dykk!:)
Over og ut!

søndag 29. november 2009

Vi er heldige!


Vi har hatt ei veldig kjekk helg, med god vener og god mat. Vi har rett og slett gått til duk og dekka bord kvar dag denne helga! Fredag var vi hjå Mari og Torje som serverte taco og deretter ein NYDELEG dessert. Mmmm....
Laurdag var vi hjå Ida og Gjermund som hadde laga laurdagsgraut. Ein god og triveleg tradisjon tykjer vi!
Og idag var vi hjå Magnus og Møyfrid som hadde laga ein kjempegod middag. Magnus kunne også by på lefser og kaffi etterpå.
Ja, vi er jammen heldige! Og Vildefrøkna har også kost seg veldig. Syns visst det er stas å vere på besøk. Ho har ein periode vore litt skeptik til folk ho ikkje kjenner så godt, men ikkje denne helga. Ho har berre smilt og kost seg, og blitt bedre kjent med dei kjekke folka:)

tirsdag 24. november 2009


Ny veke


Vi har hatt ei roleg helg kor vi har vore mest heime. Dag-Filip er mykje på farta for tida og har mykje å gjere, så det var godt å få god tid saman i helga, vi tre. På søndag var vi på besøk hjå Marianne, Ole og lille Sara. Sara er berre tre dagar eldre enn Vilde dei to familiane var på Ullevål samtidig. Vi fekk servert ein kjempegod lunsj og vi hadde ein kjekk dag saman:)

Så er vi igang med ei ny veke, og no er det heldigvis litt rolegare tider for Dag- Filip også. Det er Vilde og mor glad for!:)

lørdag 21. november 2009

Baby på rangel


Vildemor er mykje på rangel for tida. Det vil seie, ho vil helst ikkje legge seg på kvelden. Nei, for det er det mykje kjekkare å vere oppe saman med foreldra, om ho er aldri så trøyt! Så det blir litt skrik og skrål når det er leggetid, sjølv om vi prøver både det eine og det andre for å gjere senga til ein koselig stad å vere. Jaja, vi jobbar med saken kan du sei!

Ellers er det berre fryd og gammen i Aslakveien! Vilde ler og kosar seg, og det gjer vi óg:)

torsdag 5. november 2009

Kjekt med snø og kulde??

Dei to siste dagane har det komt snø til Oslo by, og det er med blanda kjensler at eg møter den nye årstida. Vintrane i Oslo er ofte veldig lange og kalde, og nesten litt triste, syns eg. Gradestokken viser gjerne minus 10, det blir fort mørkt og  det kjem mykje snø. Men eg prøver å tenkje positivt og fokusere på alle dei kjekke tinga som følgjer med vinteren også. Vi kan kle godt på og gå tur. Eller kose oss inne med varm drikke og tente lys. Etterkvart kan vi leite fram skia, og når advent og til slutt jula kjem, er det endå fleire gleder i vente. Så, la oss ynskje vinteren velkomen med eit smil!:) 

Flott bilete av far og dotter.Eit skikkeleg blinkskot vil eg kalle det.

torsdag 22. oktober 2009

tirsdag 20. oktober 2009

Nytt kamera, ja takk!

Når eg ser på bileta på bloggen vår, tenkjer eg" himla uklåre bilete det der!" Og då lurer eg på, er det kameraet eller fotografen det er noko gale med? Eg trur det er kameraet. Og det meinar Dag Filip óg. Så da er det nok det?! Julegåveynskje 2009: nytt kamera.
Ellers er det berre velstand her. Vilde-gullet lo for første gong igår!! Ein herleg lyd! Så morosamt:) Vi ventar i spenning på neste gong det skjer...

torsdag 15. oktober 2009

Vilde ilag med mykje kjekke folk
















Søskenborn og vener, faddera og bestemødre, og oldemor Gudrunn. Dette er berre nokre av dei Vilde fekk helse på då vi var på det glade Sunnmøre.

onsdag 14. oktober 2009

Tilbake i Oslo







Ja, så var vi tilbake i Oslo, og det er ein liten overgang må eg sei. Vi har hatt så mykje folk rundt oss dei to siste vekene, særskilt siste veka på Oksneset. Så det er merkeleg stilt og roleg å berre vere oss tre igjen. Men det er godt også, å kome heim til sitt eige:) Dag- Filip er igang igjen med skule, og eg er heime med Vilde. Vi skal begynne i barselgruppe no, og vi planlegger å menge oss på babysong i Røa kyrkje etterkvart. Så det blir kjekt å utvide nettverket og bli kjend med fleire småbornsmødre.
Det er artig å sjå korleid Vilde veks og utviklar seg, nesten veke for veke! Vi merkar faktisk stor forskjell frå før vi reiste til Sunnmøre, og til no. Vilde blir stadig meir våken og oppteken av det som skjer i verda rundt ho. Ho følgjer veldig med, smilar mykje og utforskar korleis ho kan bruke stemma si, både i volum og med ulike lydar.
Det vart barnedåp for Vilde i Valderøy kyrkje 4. oktober, og ellers fekk vi mykje tid med familie og vener då vi var heime.

tirsdag 6. oktober 2009

Sunnmørstur

Familien Roaldsnes er i desse dagar på Sunnmøre.
På søndag var det dåp, Vilde vart døypt i Valderøy kyrkje. Det vart ein veldig fin dag, og hovudpersonen var roleg og nøgd dagen igjennom. Vi skulle igrunn berre vere her ei veke, men sidan dagane går så fort, bestemte vi oss for å vere ei veke til. Godt å ha god tid til familie og vener her:)
Kva er nytt ellers? Jo, våre gode vener Lydia og Øyvind skal gifte seg 9. januar 2010! Vi gler oss til bryllaup, og eg(Merete) skal vere forlover:) Ei stor ære. Eg og Lydia var avgårde og såg på brudekjole idag, og Lydia fann Kjolen med stor K med det same!Den første ho prøvde:) Ho blir ei nydeleg brud...:)
Så, vi kosar oss på haustferie. Kjekt å treffe vener vi ikkje ser så ofte ellers, og Vilde blir bortskjemd av besteforeldre som gjerne vil bere ho til alle tider. Så ho har blitt godt vant jenta vår!
Bilete kjem seinare...følg berre med!

onsdag 23. september 2009

Deilige haustdagar

Vi er langt inn i september månad, og siste dagane har det vore eit nydeleg haustver i Oslo. Blada på trea er raude og gule, sola skin og lufta er klår og mild. Eg(MorMerete) og Vilde går mykje på tur og nyt sola. Idag var vi på besøk hjå lille Sara, som er berre tre dagar eldre enn Vilde, og Sara sin mamma, Marianne. Eg og Marianne er musikkterapeut- kollegaer, og har altså no to jamngamle gull:) Så idag vart det lunsj og trilletur i fineveret. Gløymte ta med kamera sjølvsagt, men legg heller ved eit bilete av berre Vilde:)Ikkje feil det heller.

mandag 21. september 2009

Go´jenta




Å ha ein baby inneber jo ein del nattevåk. Då gjer Vilde det lurt i å smile fint til foreldra.
Då blir det litt mindre pes å stå opp i trøytte nattetimar:)

søndag 20. september 2009

Kva er nytt hjå Roaldsnes?

Ja, korleis går det med familien Roaldsnes? Jo, det står veldig bra til. Vi kosar oss med skjønne Vilde, og syns det er veldig kjekt å vere foreldra. Vilde veks og ser ut til å trivast, ho smilar og sjarmerar foreldra:)
Sist helg var vi i brullaup i Sverige, til Erlend Peter og My. Det var veldig kjekt, og det gjekk veldig bra med Vilde på tur. Så det var jo gøy:) Brudeparet var kjempefine, og det var kjekt å få feire saman med dei. Ellers nærmar det seg Sunnmørstur. Søndag, neste helg reiser vi oppover. Då blir det etterkvart dåp for Vilde, og ellers mykje familietid. Vi gler oss!!

mandag 7. september 2009

Meir besøk




Det kjem stadig folk innom for å helse på Vilde, både frå fjern og nær. Sist helg var mellom anna Lydia og Øyvind her ein snartur, og denne helga var mormor og morfar på besøk. Kjekt, kjekt.


Vi var på helsestasjonen for å vege Vilde idag, og då vart det tydeleg at Vilde verkeleg har blitt større! Plutseleg er ho ikkje den minste babyen lenger som skal vege seg. Nei, ho er faktisk betydeleg større enn fleire av babyane vi såg idag. Morosamt. At vekta no viser 4,5kg er jo også eit teikn på at ho veks og blir større:)

fredag 4. september 2009

Ikkje prøv dette heime..

Bereselen, som demonstrert i forrige innlegg, er ifølgje bruksanvisinga egna til babyar ned til 3kg og 53cm. men her ein dag las eg i eit blad at "Baby bjørn" ikkje er bra for så små babyar, men passar til babyar fra 3mnd og oppover! Hm, nei ein blir ikkje klok av all denne informasjonen. Dette med ulike råd frå alle kantar er noko vi erfarar jamt ellers også. Alle, både jordmødre, helsesøster, familie, vener og andre mødre har råd og erfaringar dei vil dele med oss. Det er jo godt meint, men vi blir av og til litt forvirra av det helie:) Konklusjonen er vel at ein til sjuande og sist berre må stole på seg sjølve som foreldre, og ta dei råda ein ynskjer og sile ut resten:)

søndag 30. august 2009

Og sånn går dagane....

Ja, tida går og førstkommande torsdag er Vilde blitt ein månad gamal. Ho gjer seg stadig nye erfaringar i denne verda utanfor magen, og ho gjer stadig nye framskritt. Mellom anna kan vi no ta ho med på trilleturar lenger enn 15 min utan at ho begynner å skrike. Men det går ikkje kvar dag!
Ho har begynt å sove i vogga på dagtid. Ho vil nemleg helst ligge på arma til mor eller far, det er så kjekt. Men sove i vogga vil ho ikkje kvar dag!
Vi har også introdusert "Baby Bjørn", ein beresele. Vilde syns det er ganske så kjekt å sete i denne, men det er ikkje like kjekt kvar dag! Som dykk ser på biletet er det ikkje heilt dagen..:)
Nei, ingen dagar er like, og rutiner er enno eit framadord for Vilde. Men det kjem vel med tida:)

torsdag 27. august 2009

To gode vener


Sidan familiane våre held til på Sunnmøre for det meste, er det viktig å ha nokre reservetanter- og onklar til Vilde her i Oslo. Ein av desse er Camilla, som allereie har blitt god ven med Vilde.
Camilla seier ho vil kjøpe seg månadskort for å kunne kome ofte på besøk til Vilde. Og at ho gjerne vil setebarnevakt, og kan kome å bere Vilde når ho skrik. Ja Camilla, vi tar deg på ordet! No blir det ikkje fred å få!:)

søndag 23. august 2009

Farmor og farfar på besøk:)





Denne helga har farmor og farfar vore på besøk hjå Vilde. Det var så koseleg å ha dei her,og mest litt trist da dei reiste. Linda har diska opp med dei deiligaste retter kvar dag, og dei har kost seg med Vilde. Vi er så glad i dere!

tirsdag 18. august 2009

Tante og onkel på besøk


I helga var Anne Helen og Martinus innom ein tur. Veldig kjekt å ha litt familie på besøk! Og dei syns det var stas å få treffe lille Vilde.

søndag 16. august 2009

tirsdag 11. august 2009

Velkomen til verda lille Vilde


Torsdag 6. august kom vår lille skatt, Vilde til verda. Alt gjekk kjempebra, og lillejenta var 3,5 kg og 53cm då ho kom.
Vi er no heime igjen og begynner så smått å kome inn i den nye kvardagen med nye-sjefen i huset:)

søndag 2. august 2009

Termin og fortsatt kul på magen

Så er 2. august snart over, og babyen er framleis i magen. Vi trudde den skulle komme innen termin, men nei. Så vi må berre smøre oss med meir tolmod..
Eg går også herved over frå bokmål til nynorsk i bloggskrivinga, som ein ekte sunnmøring seg hør og bør:)

lørdag 1. august 2009

Sommerdag og bading




Etter mange regnværsdager, ble det idag sommer og sol i Oslo igjen. Vi tok turen til Bogstadvannet sammen med familen Roaldsnes Sæther, for bading og grilling.
Alltid veldig kjekt å være sammen med våre kjære tante/onkelbarn; Andrea, Tuva og Elena!




søndag 26. juli 2009

Familien Roaldsnes med blogg?!?

Så har også vi tatt steget, og opprettet en aldri så liten blogg. For de som kjenner oss, er det kanskje litt overraskende... Men tenkte dette var et passende tidspunkt, siden vi i disse dager utvider vår familie fra å være to til å bli tre.
Vi nyter sommermånedene i Oslo i år, og går nå egentlig bare og venter på det lille barnet som snart skal komme. Det kan skje når som helst nå, så det er spennende tider....:)