fredag 26. november 2010

torsdag 28. oktober 2010

onsdag 27. oktober 2010

Hei hei!




Lenge sidan sist oppdatering no...
Så kva har skjedd sidan sist?
Vilde har tatt sine første skritt, og det er stor stas! Ho krabbar for det meste enda, eller går på knea, for det går så mykje fortare. Men ho prøvar seg på å gå óg.
Vi var ikkje så fornøgd med barnehagen, så Vilde er hos dagmamma nokre dagar i veka. Dagmammaen er ei ifrå barselgruppa mi som er heime med dotter si. Dei to små kosar seg i lag, og Vilde trivst kjempegodt! Så satsar vi på ein betre barnehagestart over jul heller.


Ellers har vi vore i Dublin sidan sist, eg og Dag- Filip. Vi fekk slappa godt av og sove ut. Vilde likar nemleg godt å vere våken på natta enda...Dublin er ein veldig triveleg by, anbefalast! Vilde var igjen heime i Oslo, med ei mormor og ein morfar til å passe på. Det gjekk også veldig bra, så alle partar hadde gode dagar:)

tirsdag 17. august 2010

Ein ny haust

Vi er enno i august og sommartid, men haustsemesteret er igang med nye aktivitetar og ny kvardag.
Eg, Merete, har begynt i ny jobb som musikkterapeut ved Haug skole, og er godt nøgd med det. Dag Filip skal spele mykje til hausten, og ellers jobbe litt, og sist men ikkje minst, vere heimepappa med Vilde.
Vår kjære Vilde skal begynne i barnehage, og skal avgarde på tilvenning saman med pappa i morgon. Vilde skal berre vere 50% i barnehagen, ei ordning vi er svært nøgd med.
Vi er litt spent, men vi trur ho vil få det veldig fint der.

mandag 16. august 2010

Sommaren 2010

Sunnmøre, vener, familie, isbading på Valderøya, litt varmare bad på sørlandet, sol, regn, fjelltur, Sogndal, Mandal og ikkje minst 1 års feiring til Vilde!














søndag 6. juni 2010

Vilde 10mnd

Kosepleddet, I love it!




Mange småborn har ein kosebamse dei er glad glad i. Vilde derimot, har eit teppe ho har lagt sin elsk på. Det fantastiske koseteppet må alltid vere med når ho skal søve. Ho snik seg til å kose litt med det ellers også, til dømes når ho og pappa ser på barne- tv.
Ellers er det nydelege sommardagar i Oslo. Mamma og Vilde er mykje ute, medan pappa- Dag- Filip førebuar seg til avsluttande eksamen (velkomen til konsert på Viktoria, nasjonal jazzscene, fredag 11. juni klokka 19.00!).


Idag skal vi opp til naboane å grille. Fint med gode naboar. Ikkje feil å få kome på middag heller:)


God sundag frå oss 3!


mandag 31. mai 2010

mandag 24. mai 2010

Smak av sommar

Denne helga har det vore sommarstemning i Oslo. Med 22 grader og sol, er det berre å ta på seg shortsen, pakke grill og pølser og kome seg ut. Det gjorde vi óg, og på laurdag tok vi årets første tur til Bogstadvatnet. Det var faktisk fleire der som bada! Vi spara badinga til neste gong, men ein deilig tur vart det uansett, for store og små.

søndag 9. mai 2010

Pappajente


Mange tykkjer at Vilde er veldig lik pappaen sin i utsjånad. Heilt sidan ho vart fødd, har vi fått høyre at ho er ei skikkelig pappajente. Og vi er igrunn ganske einige. Vilde og pappa har meir til felles óg. Dei er begge to veldig glad i mat. Som dykk ser på bileta, nyt dei her eit godt måltid. Den eine noko meir sjarmerande enn den andre... Her smakar Vilde på brokoli.
Denne helga har vi besøk av Gunnhild og Nate, tante og onkel til Vilde. Dei bur til vanleg i Etiopia, og var sist i Noreg for to år sidan. Difor er det ekstra kjekt å sjå dei att, og enda kjekkare at dei er innom oss i oslo for ei langhelg!

torsdag 22. april 2010

Med påskeferien vel overstått, er vi igjen tilbake i Oslo. Vi hadde ein innhaldsrik, kjekk og ikkje minst lang påskeferie. Med strålande ver, mykje herlege folk rundt oss, og ei Vilde som søv heile natta, vart det tidenes påskeferie!
Vi fekk ikkje mange dagane åleine i Oslo då vi kom attende. På torsdag kom Marit med tog frå Bergen, for å bu hjå oss i helga. Det vart byturar med kafé og anna kos for oss 3 jentene på dagtid. På kveldane måtte Dag Filip vere heiemverande far, medan eg og Marit var ute. Gospelkonsert, besøk hjå Camilla og Ludospel med Per. Jada..!
Det var SÅ kjekt å ha deg her , Marit! Velkommen tilbake skal du vere!
Vilde er så heldig å ha mange venninner og kameratar. Idag var vi hjå Ida og lille William. Og i morgon kjem det to søte små på besøk til oss.

Over og ut!

onsdag 17. mars 2010

Lille sol...

Vi er så heldige å ha ei lita sol her heime, og ho heiter Vilde.
Vi er så takksamme og glade for å ha Vilde i livet vårt. Ho sprer liv og glede kring seg, og får fram smilet hjå oss, sjølv når vi er aldri så trøytte!
Ja, det kan vere travelt å vere foreldre til ei lita ei, og til tider kan det vere utfordrande. Men mest av alt er det veldig, veldig kjekt!:)

Dag Filip jobbar mykje for tida. Spelar til seine kvelden. Keisamt for oss....men kjipast for Dag Filip da, som ikkje får henge med oss to kule!

Eg og Vilde henger med folk og fe på Røa, eller fartar rundt i Oslo by. Idag har vi vore på babysong, på shopping og gått tur saman med to andre små og mammaene deira. Vilde tykkjer det er fint å vere på tur, og at det er kult å køyre med t-bane. Då kan ho sete å sjå ut på guds frie natur, eller by, og ho kan flørte litt med dei andre passasjerane. Men sjølv om bylivet er vel og bra, begynner vi no å bli klare for litt fjord og fjell. Og litt påskekos og familiemiddag. Besteforeldre som kan sitte barnevakt er heller ikkje å forakte.

fredag 12. mars 2010

What´s up




Etter ei veke med litt sjukdom, er vi no på beina igjen, klar for å møte den deilige våren!Både store og små nyt sola på dagar som denne. Kjekt å trille tur utan å bli sveitt av å måtte kjempe seg gjennom snø og is!
Dag- Filip er ein travel mann om dagen. Først er han på turné, og tilbake i Oslo er det jobb og siste månadane med skule. Så, han har å drive med! Vilde har også mykje å drive med. Ho er blitt veldig god til å åle seg framover, og det er mykje å utforske på vegen. Så no må vi begynne å følgje med litt meir, for det er jo ikkje alt som er like heldig å til dømes smake på....

søndag 7. februar 2010

På farta


Vår lille Vilde er ikkje så lita lenger. I helga vart ho heile 6 månadar. Tenk at det er eit halvt år sidan ho kom til oss! Ho har vokst mykje sidan 6 august, og ho har blitt hakket meir aktiv.

Det som gjeld no, er å strekke seg etter og ta ting. Det er ting som er innanfor rekkevidde, og ting som er langt utanfor! I si ferd på å nå tak i alt som fristar, er Vilde no på veg full fart framover. Eller det vil seie, bakover eller bortover eller rundt. Ho er på farta frå morgon til kveld, og vi finn ho igjen under bordet og inn i krokar.

På onsdag sist veke, var vi på babysong for fyrste gong, i frelsesarmeen. Og den som var mest gira og ivrig av alle som var der, var Vilde. Ja, det slo verkeleg ann! Ho lo og hylte, og armar og bein gjekk i eitt! Vi gler oss til neste onsdag:)

Ja, vi er veldig glad i jenta vår:) Ho varmar to foreldrehjarte med sine gode smil og sjarm:)

søndag 31. januar 2010

onsdag 20. januar 2010

Saman igjen


Etter eit halvt år på reis er dette paret tilbake i Noreg, og det er vi glade for. Firekløveret er saman igjen, no med eit ekstra blad, Vilde:)
Kjekt å vere med dykk igjen Torunn og Tom Andreas!

mandag 11. januar 2010

Tilbake i Oslo

Då er vi tilbake i Oslo, etter ein lang og veldig fin ferie på det glade Sunnmøre. Det har blitt mykje kvalitetstid med famile og vener der, jule- og nyttårsfeiring og bryllaup. No er det er kvardag igjen, og det er igrunn greit. Kvardag er fint!:)