tirsdag 17. august 2010

Ein ny haust

Vi er enno i august og sommartid, men haustsemesteret er igang med nye aktivitetar og ny kvardag.
Eg, Merete, har begynt i ny jobb som musikkterapeut ved Haug skole, og er godt nøgd med det. Dag Filip skal spele mykje til hausten, og ellers jobbe litt, og sist men ikkje minst, vere heimepappa med Vilde.
Vår kjære Vilde skal begynne i barnehage, og skal avgarde på tilvenning saman med pappa i morgon. Vilde skal berre vere 50% i barnehagen, ei ordning vi er svært nøgd med.
Vi er litt spent, men vi trur ho vil få det veldig fint der.

mandag 16. august 2010

Sommaren 2010

Sunnmøre, vener, familie, isbading på Valderøya, litt varmare bad på sørlandet, sol, regn, fjelltur, Sogndal, Mandal og ikkje minst 1 års feiring til Vilde!














søndag 6. juni 2010

Vilde 10mnd

Kosepleddet, I love it!




Mange småborn har ein kosebamse dei er glad glad i. Vilde derimot, har eit teppe ho har lagt sin elsk på. Det fantastiske koseteppet må alltid vere med når ho skal søve. Ho snik seg til å kose litt med det ellers også, til dømes når ho og pappa ser på barne- tv.
Ellers er det nydelege sommardagar i Oslo. Mamma og Vilde er mykje ute, medan pappa- Dag- Filip førebuar seg til avsluttande eksamen (velkomen til konsert på Viktoria, nasjonal jazzscene, fredag 11. juni klokka 19.00!).


Idag skal vi opp til naboane å grille. Fint med gode naboar. Ikkje feil å få kome på middag heller:)


God sundag frå oss 3!


mandag 31. mai 2010

mandag 24. mai 2010

Smak av sommar

Denne helga har det vore sommarstemning i Oslo. Med 22 grader og sol, er det berre å ta på seg shortsen, pakke grill og pølser og kome seg ut. Det gjorde vi óg, og på laurdag tok vi årets første tur til Bogstadvatnet. Det var faktisk fleire der som bada! Vi spara badinga til neste gong, men ein deilig tur vart det uansett, for store og små.

søndag 9. mai 2010

Pappajente


Mange tykkjer at Vilde er veldig lik pappaen sin i utsjånad. Heilt sidan ho vart fødd, har vi fått høyre at ho er ei skikkelig pappajente. Og vi er igrunn ganske einige. Vilde og pappa har meir til felles óg. Dei er begge to veldig glad i mat. Som dykk ser på bileta, nyt dei her eit godt måltid. Den eine noko meir sjarmerande enn den andre... Her smakar Vilde på brokoli.
Denne helga har vi besøk av Gunnhild og Nate, tante og onkel til Vilde. Dei bur til vanleg i Etiopia, og var sist i Noreg for to år sidan. Difor er det ekstra kjekt å sjå dei att, og enda kjekkare at dei er innom oss i oslo for ei langhelg!