søndag 6. juni 2010

Vilde 10mnd

Kosepleddet, I love it!




Mange småborn har ein kosebamse dei er glad glad i. Vilde derimot, har eit teppe ho har lagt sin elsk på. Det fantastiske koseteppet må alltid vere med når ho skal søve. Ho snik seg til å kose litt med det ellers også, til dømes når ho og pappa ser på barne- tv.
Ellers er det nydelege sommardagar i Oslo. Mamma og Vilde er mykje ute, medan pappa- Dag- Filip førebuar seg til avsluttande eksamen (velkomen til konsert på Viktoria, nasjonal jazzscene, fredag 11. juni klokka 19.00!).


Idag skal vi opp til naboane å grille. Fint med gode naboar. Ikkje feil å få kome på middag heller:)


God sundag frå oss 3!


mandag 31. mai 2010

mandag 24. mai 2010

Smak av sommar

Denne helga har det vore sommarstemning i Oslo. Med 22 grader og sol, er det berre å ta på seg shortsen, pakke grill og pølser og kome seg ut. Det gjorde vi óg, og på laurdag tok vi årets første tur til Bogstadvatnet. Det var faktisk fleire der som bada! Vi spara badinga til neste gong, men ein deilig tur vart det uansett, for store og små.

søndag 9. mai 2010

Pappajente


Mange tykkjer at Vilde er veldig lik pappaen sin i utsjånad. Heilt sidan ho vart fødd, har vi fått høyre at ho er ei skikkelig pappajente. Og vi er igrunn ganske einige. Vilde og pappa har meir til felles óg. Dei er begge to veldig glad i mat. Som dykk ser på bileta, nyt dei her eit godt måltid. Den eine noko meir sjarmerande enn den andre... Her smakar Vilde på brokoli.
Denne helga har vi besøk av Gunnhild og Nate, tante og onkel til Vilde. Dei bur til vanleg i Etiopia, og var sist i Noreg for to år sidan. Difor er det ekstra kjekt å sjå dei att, og enda kjekkare at dei er innom oss i oslo for ei langhelg!

torsdag 22. april 2010

Med påskeferien vel overstått, er vi igjen tilbake i Oslo. Vi hadde ein innhaldsrik, kjekk og ikkje minst lang påskeferie. Med strålande ver, mykje herlege folk rundt oss, og ei Vilde som søv heile natta, vart det tidenes påskeferie!
Vi fekk ikkje mange dagane åleine i Oslo då vi kom attende. På torsdag kom Marit med tog frå Bergen, for å bu hjå oss i helga. Det vart byturar med kafé og anna kos for oss 3 jentene på dagtid. På kveldane måtte Dag Filip vere heiemverande far, medan eg og Marit var ute. Gospelkonsert, besøk hjå Camilla og Ludospel med Per. Jada..!
Det var SÅ kjekt å ha deg her , Marit! Velkommen tilbake skal du vere!
Vilde er så heldig å ha mange venninner og kameratar. Idag var vi hjå Ida og lille William. Og i morgon kjem det to søte små på besøk til oss.

Over og ut!

onsdag 17. mars 2010

Lille sol...

Vi er så heldige å ha ei lita sol her heime, og ho heiter Vilde.
Vi er så takksamme og glade for å ha Vilde i livet vårt. Ho sprer liv og glede kring seg, og får fram smilet hjå oss, sjølv når vi er aldri så trøytte!
Ja, det kan vere travelt å vere foreldre til ei lita ei, og til tider kan det vere utfordrande. Men mest av alt er det veldig, veldig kjekt!:)

Dag Filip jobbar mykje for tida. Spelar til seine kvelden. Keisamt for oss....men kjipast for Dag Filip da, som ikkje får henge med oss to kule!

Eg og Vilde henger med folk og fe på Røa, eller fartar rundt i Oslo by. Idag har vi vore på babysong, på shopping og gått tur saman med to andre små og mammaene deira. Vilde tykkjer det er fint å vere på tur, og at det er kult å køyre med t-bane. Då kan ho sete å sjå ut på guds frie natur, eller by, og ho kan flørte litt med dei andre passasjerane. Men sjølv om bylivet er vel og bra, begynner vi no å bli klare for litt fjord og fjell. Og litt påskekos og familiemiddag. Besteforeldre som kan sitte barnevakt er heller ikkje å forakte.