tirsdag 24. november 2009

Ny veke


Vi har hatt ei roleg helg kor vi har vore mest heime. Dag-Filip er mykje på farta for tida og har mykje å gjere, så det var godt å få god tid saman i helga, vi tre. På søndag var vi på besøk hjå Marianne, Ole og lille Sara. Sara er berre tre dagar eldre enn Vilde dei to familiane var på Ullevål samtidig. Vi fekk servert ein kjempegod lunsj og vi hadde ein kjekk dag saman:)

Så er vi igang med ei ny veke, og no er det heldigvis litt rolegare tider for Dag- Filip også. Det er Vilde og mor glad for!:)

lørdag 21. november 2009

Baby på rangel


Vildemor er mykje på rangel for tida. Det vil seie, ho vil helst ikkje legge seg på kvelden. Nei, for det er det mykje kjekkare å vere oppe saman med foreldra, om ho er aldri så trøyt! Så det blir litt skrik og skrål når det er leggetid, sjølv om vi prøver både det eine og det andre for å gjere senga til ein koselig stad å vere. Jaja, vi jobbar med saken kan du sei!

Ellers er det berre fryd og gammen i Aslakveien! Vilde ler og kosar seg, og det gjer vi óg:)

torsdag 5. november 2009

Kjekt med snø og kulde??

Dei to siste dagane har det komt snø til Oslo by, og det er med blanda kjensler at eg møter den nye årstida. Vintrane i Oslo er ofte veldig lange og kalde, og nesten litt triste, syns eg. Gradestokken viser gjerne minus 10, det blir fort mørkt og  det kjem mykje snø. Men eg prøver å tenkje positivt og fokusere på alle dei kjekke tinga som følgjer med vinteren også. Vi kan kle godt på og gå tur. Eller kose oss inne med varm drikke og tente lys. Etterkvart kan vi leite fram skia, og når advent og til slutt jula kjem, er det endå fleire gleder i vente. Så, la oss ynskje vinteren velkomen med eit smil!:) 

Flott bilete av far og dotter.Eit skikkeleg blinkskot vil eg kalle det.

torsdag 22. oktober 2009

tirsdag 20. oktober 2009

Nytt kamera, ja takk!

Når eg ser på bileta på bloggen vår, tenkjer eg" himla uklåre bilete det der!" Og då lurer eg på, er det kameraet eller fotografen det er noko gale med? Eg trur det er kameraet. Og det meinar Dag Filip óg. Så da er det nok det?! Julegåveynskje 2009: nytt kamera.
Ellers er det berre velstand her. Vilde-gullet lo for første gong igår!! Ein herleg lyd! Så morosamt:) Vi ventar i spenning på neste gong det skjer...

torsdag 15. oktober 2009

Vilde ilag med mykje kjekke folk
















Søskenborn og vener, faddera og bestemødre, og oldemor Gudrunn. Dette er berre nokre av dei Vilde fekk helse på då vi var på det glade Sunnmøre.