onsdag 14. oktober 2009

Tilbake i Oslo







Ja, så var vi tilbake i Oslo, og det er ein liten overgang må eg sei. Vi har hatt så mykje folk rundt oss dei to siste vekene, særskilt siste veka på Oksneset. Så det er merkeleg stilt og roleg å berre vere oss tre igjen. Men det er godt også, å kome heim til sitt eige:) Dag- Filip er igang igjen med skule, og eg er heime med Vilde. Vi skal begynne i barselgruppe no, og vi planlegger å menge oss på babysong i Røa kyrkje etterkvart. Så det blir kjekt å utvide nettverket og bli kjend med fleire småbornsmødre.
Det er artig å sjå korleid Vilde veks og utviklar seg, nesten veke for veke! Vi merkar faktisk stor forskjell frå før vi reiste til Sunnmøre, og til no. Vilde blir stadig meir våken og oppteken av det som skjer i verda rundt ho. Ho følgjer veldig med, smilar mykje og utforskar korleis ho kan bruke stemma si, både i volum og med ulike lydar.
Det vart barnedåp for Vilde i Valderøy kyrkje 4. oktober, og ellers fekk vi mykje tid med familie og vener då vi var heime.

tirsdag 6. oktober 2009

Sunnmørstur

Familien Roaldsnes er i desse dagar på Sunnmøre.
På søndag var det dåp, Vilde vart døypt i Valderøy kyrkje. Det vart ein veldig fin dag, og hovudpersonen var roleg og nøgd dagen igjennom. Vi skulle igrunn berre vere her ei veke, men sidan dagane går så fort, bestemte vi oss for å vere ei veke til. Godt å ha god tid til familie og vener her:)
Kva er nytt ellers? Jo, våre gode vener Lydia og Øyvind skal gifte seg 9. januar 2010! Vi gler oss til bryllaup, og eg(Merete) skal vere forlover:) Ei stor ære. Eg og Lydia var avgårde og såg på brudekjole idag, og Lydia fann Kjolen med stor K med det same!Den første ho prøvde:) Ho blir ei nydeleg brud...:)
Så, vi kosar oss på haustferie. Kjekt å treffe vener vi ikkje ser så ofte ellers, og Vilde blir bortskjemd av besteforeldre som gjerne vil bere ho til alle tider. Så ho har blitt godt vant jenta vår!
Bilete kjem seinare...følg berre med!

onsdag 23. september 2009

Deilige haustdagar

Vi er langt inn i september månad, og siste dagane har det vore eit nydeleg haustver i Oslo. Blada på trea er raude og gule, sola skin og lufta er klår og mild. Eg(MorMerete) og Vilde går mykje på tur og nyt sola. Idag var vi på besøk hjå lille Sara, som er berre tre dagar eldre enn Vilde, og Sara sin mamma, Marianne. Eg og Marianne er musikkterapeut- kollegaer, og har altså no to jamngamle gull:) Så idag vart det lunsj og trilletur i fineveret. Gløymte ta med kamera sjølvsagt, men legg heller ved eit bilete av berre Vilde:)Ikkje feil det heller.

mandag 21. september 2009

Go´jenta




Å ha ein baby inneber jo ein del nattevåk. Då gjer Vilde det lurt i å smile fint til foreldra.
Då blir det litt mindre pes å stå opp i trøytte nattetimar:)

søndag 20. september 2009

Kva er nytt hjå Roaldsnes?

Ja, korleis går det med familien Roaldsnes? Jo, det står veldig bra til. Vi kosar oss med skjønne Vilde, og syns det er veldig kjekt å vere foreldra. Vilde veks og ser ut til å trivast, ho smilar og sjarmerar foreldra:)
Sist helg var vi i brullaup i Sverige, til Erlend Peter og My. Det var veldig kjekt, og det gjekk veldig bra med Vilde på tur. Så det var jo gøy:) Brudeparet var kjempefine, og det var kjekt å få feire saman med dei. Ellers nærmar det seg Sunnmørstur. Søndag, neste helg reiser vi oppover. Då blir det etterkvart dåp for Vilde, og ellers mykje familietid. Vi gler oss!!

mandag 7. september 2009

Meir besøk




Det kjem stadig folk innom for å helse på Vilde, både frå fjern og nær. Sist helg var mellom anna Lydia og Øyvind her ein snartur, og denne helga var mormor og morfar på besøk. Kjekt, kjekt.


Vi var på helsestasjonen for å vege Vilde idag, og då vart det tydeleg at Vilde verkeleg har blitt større! Plutseleg er ho ikkje den minste babyen lenger som skal vege seg. Nei, ho er faktisk betydeleg større enn fleire av babyane vi såg idag. Morosamt. At vekta no viser 4,5kg er jo også eit teikn på at ho veks og blir større:)

fredag 4. september 2009

Ikkje prøv dette heime..

Bereselen, som demonstrert i forrige innlegg, er ifølgje bruksanvisinga egna til babyar ned til 3kg og 53cm. men her ein dag las eg i eit blad at "Baby bjørn" ikkje er bra for så små babyar, men passar til babyar fra 3mnd og oppover! Hm, nei ein blir ikkje klok av all denne informasjonen. Dette med ulike råd frå alle kantar er noko vi erfarar jamt ellers også. Alle, både jordmødre, helsesøster, familie, vener og andre mødre har råd og erfaringar dei vil dele med oss. Det er jo godt meint, men vi blir av og til litt forvirra av det helie:) Konklusjonen er vel at ein til sjuande og sist berre må stole på seg sjølve som foreldre, og ta dei råda ein ynskjer og sile ut resten:)